onsdag 22. oktober 2008

Første skikkelig dag på jobb:)

Heihei=)
No er det på tide med litt oppdatering kanskje:) Tirsdag (21.10.08) brukte vi en del tid på det berømte kontoret vårt. Vi satt det å las litt rapportar fra tidligare utvekslingar og prata med dei som jobba på kommunehuset. Vi prøva å forstå korleis ting fungara, korleis hierarkiet er bygd opp osv, trur ditta er veldig viktig for å kunne gjere en god jobb. Vi va so heldige å fikk servert kaffi og sjokolademelk på kontoret også, kjekt :) Deretter for vi på barneheimen for andre gang for å møte komiteen, dei som på en måte styre barneheimen. Vi e litt usikre korleis ting fungera enda:) På kvelden fann vi ut at vi, Elisabeth og Arne, ironisk nok, skulle fare på Akavia restaurant for å sjå fotballkamp! Det va veldig hyggelig:) Men det va en del mygg der:/.
I dag (22.10.08) va vi med kommuna i Voi ut på møter i dei forskjellige lokalsamfunna. Veldig kjekt å bli med dei på slike ting for å sjå korleis dei jobba. På dissa møte skal dei snakke med lokalbefolkninga om ka behov dei he, f.eks vatn, nye klasserom o.l. Dei snakka på swahili, men vi fikk en til å oversette litt for oss. Etter møta va d lunsj med dei som jobba på kommunehuset. Det va litt av en opplevelse. På bordet vart det satt fram et par fat med kylling, ugali (ei slags potetstappe, berre at det e laga av maismjøl) og spinat. Og ditta spiste dei alle av (uten din egen tallerken), MED fingrane, det e slik dei ete mat. So då måtte vi berre sette igang å gjere det samme:) Det gikk faktisk veldig fint, så det var en som sa at når vi kjem heim til Norge kjem vi til å ete kun med fingrane, så vi får jo sjå ;p Vi he kjøpt postkort og bokmerke; laga av elefant bæsj og papir (!), faktisk ganske stilig:) Ellers so he vi det fint, litt over 30 grader midt på dag, med deilig (og nødvendig) vind. Alle snakka om at regnsesongen kjem snart, blir spennande å sjå korleis det blir her da. Men det kan vel ikkje sammenlignast med regnet i Norge uansett:)

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg kunne ikkje anna enn flire når eg las om lunsjen dåkka hehe.....ser for meg når de kjem heim og skal ete julemiddag....:)
Her er regn i dag og :(